![]() |
||
---|---|---|
Logg inn Om klubben Vedtekter Styret m.m. Kontakt oss Bli medlem Admin | ||
![]()
Besøk nr |
Vedtekter for Skodje Fotoklubb.
§ 1 NamnNamnet på klubben er Skodje Fotoklubb. § 2 Målet til klubbenÅ gi medlemmene auka kunnskap om fotografi. Å auke interessa for godt fotografi i lokalsamfunnet. Å skape eit bredt fotomiljø. § 3 MedlemskapAlle som har betalt medlemskontingent er medlem av klubben, og har rettar som medlem.
Medlem som har lagt ned betydeleg innsats for Skodje fotoklubb, for lokalt fotografi og fotomiljø gjennom mange år, kan utnemnast til æresmedlem. § 4 StyretStyret skal bestå av fem personar: leiar, sekretær, nestleiar, kasserar og to styremedlemmer. Styret skal møtast minst fire gonger kvart år, og dessutan når minst ein styremedlem krev det. I tillegg skal det vere to varamedlemmer. Styret er vedtaksført når minst tre av styremedlemmene er til stades. Leiaren kan få godtgjerdsle, som blir fastsett av årsmøtet. § 5 Oppgåvene til styretStyret skal syte for den daglege drifta av klubben. Styret skal arbeide for å nå måla til klubben gjennom medlemsmøte med faglege foredrag, demonstrasjonar, konkurransar, utstillingar og fotoutflukter. Styret kan oppnemne komitear for spesielle oppgåver. § 6 ÅrsmøtetÅrsmøtet er høgaste myndigheit i klubben. Ordinært årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av januar, og innkallast med minst fire vekers varsel. § 7 Ekstraordinært årsmøteEkstraordinært årsmøte vert halde når styret finn det nødvendig, eller når minst 2/3 av medlemmene krev det. Møtet skal haldast innan to månader. Fristar og innkalling som ved ordinært årsmøte. § 8 OppløysingForslag om oppløysing kan kome frå styret eller frå minst 2/3 av medlemmene. Forslaget skal behandlast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte, og krev 2/3 fleirtal av medlemstalet for å bli vedtatt. Årsmøtet avgjer med simpelt fleirtal korleis eventuelle midlar skal brukast.
|
|