Nettside

Alle usakligheter og ditt og datt

Moderator: Arnold Hoddevik

User avatar
Monica Vestre
Posts: 474
Joined: 20 Aug 2010, 23:42
Location: Tennfjord
Contact:

Re: Nettside

Post by Monica Vestre »

Jeg sa det til deg i går, men kan godt si det flere ganger...du gjør en kjempejobb, Arnold :D Griselekker er en passende beskrivelse på klubbsida nå ;)

User avatar
Arnold Hoddevik
Posts: 532
Joined: 24 Jun 2010, 15:20
Location: Skodje
Contact:

Re: Nettside

Post by Arnold Hoddevik »

Etter at eg fekk eit spørsmål om bildestørrelse fredag kveld, har eg tenkt og tenkt og tenkt. Greia var at ein av medlemmene syntes bilda til artiklane var i minste laget, og ville ha mulegheita til å sjå dei større, f.eks. slik vi har det i aktivitetskalenderen.

Alt let seg fikse, men på artikelsida/blogglista (der artiklane viser under kvarandre) synes eg kanskje at størrelsen skal vere litt begrensa. Vi kan likevel vurdere kor store dei skal vere på denne sida.

Det eg har gjort, er å sette opp størrelsen når heile artikkelen blir vist, dvs "les mer". Der er det også plass til fleire bilde, og eg har laga plass i databasen med bildetekst for 3 bilde. Eg tenkjer at vi skal vise 1 bilde og ingress i blogglista, og så heile artikkelen og inntil 3 bilde i større format med bildetekst, når det blir klikka på les mer. Det gir bildet ein vesentlig større plass i artiklane våre.

Det er også lagt til rette for å lenke til informasjon på andre nettsider, når det vert publisert ein artikkel. Sjå f.eks. aktuelt-artikkelen "Representerer Norge"....

Eg har også endra bakgrunn på nettsida no.

Litt kritiske kommentarar må det vel vere i styret? :cry: :evil:
Beste helsing
Arnold Hoddevik
91179866, arnold@stayon.no

User avatar
Arnold Hoddevik
Posts: 532
Joined: 24 Jun 2010, 15:20
Location: Skodje
Contact:

Re: Nettside

Post by Arnold Hoddevik »

No er det fleire endringar på lufta.

Det er oppretta tabell i databasen, medlemssider, der namn på medlem, url og beskrivelse av sida. 2-3 eksempel er lagt inn, slik at det kan takast i augesyn på menypunktet Lenke.

Enjoy!
Beste helsing
Arnold Hoddevik
91179866, arnold@stayon.no

User avatar
Hilde Soerdal
Posts: 187
Joined: 09 Dec 2010, 22:14

Re: Nettside

Post by Hilde Soerdal »

Flott med lenker til sidene til dei av medlemmane som har det :)

Når det gjeld organiseringa av artiklane med "les meir"- funskjon og fleire bilder, så er dette positivt dersom det er store og mange artiklar. Då slepp ein å scrolle så mykje for å lese. :)
Men syns på den andre sida at det gir eit mykje rolegare og dermed meir tiltalande inntrykk slik "Aktuelt"-sida er no med tanke på like store bilder på venstresida. :)
Den nye varianten av "Aktuelt"-sida med ingress og eitt hovudbilde på høgresida og der bilda til ulike artiklar har ulik størrelse; - den blir litt uroleg etter min smak :?

User avatar
John Colbensen
Posts: 792
Joined: 27 Jun 2010, 22:47
Contact:

Re: Nettside

Post by John Colbensen »

Kjempeflott med lenker ja. har jo prøvd å oppfordre medlemmer med egen side til å komme med sin adresse men null respons. Håper det skjer noe nå da :P
Skal ellers til dels være enig med Hilde sin oppfatning av "aktuelt" . Men skjønner at bildene kan ha ulik størrelse. Er ikke nevneverdig opptatt av dette og for min del kan det stå slik det gjør nå

User avatar
Arnold Hoddevik
Posts: 532
Joined: 24 Jun 2010, 15:20
Location: Skodje
Contact:

Re: Nettside

Post by Arnold Hoddevik »

Hei igjen Hilde

Først vil eg oppklare ei lita misforståing. Artiklane som allereide er innlagt, føl eit gammalt mønster med m.a. fast breidde på bilda. Der er bilde nr 2 og 3 ein del av teksten. Det er derfor ingen automatikk i at storleiken på bilde 2 og 3 blir endra, sjølv om dei blir vist i nytt system. Heile artikkelen må redigerast om, dersom bilde 2 og 3 skal ha ein anna storleik. I så fall må dei vere større både i artikkellista og i Les mer. Vi vel fritt om bilda skal vere til høgre eller venstre.

I den nye utlegginga er tanken å vise eit hovedbilde i artikkellista, og inntil 3 bilde under kvarandre i Les mer. Eg har ikkje gjort det enno, men det er fullt muleg å legge til funksjonalitet til å endre storleik på bilda i databasen, slik at skribenten kan velje sjølv. I så fall er det enklast å ha same storleik i artikkelliste og Les mer.
Tanken bak å gjere bruk av Les mer, er fleire mulegheiter. Det blir plass til fleire artiklar i høgda på framsida, dvs lesaren slepp så mykje skrolling ned og opp. Det er muleg å ha større bilde og fleire bilde i Les mer, noko som set bildet meir i fokus i både storleik og tal, også i lesestoffet vårt.

Slik koden er skriven no, er det meininga å ha inntil 3 like store bilde med bildetekst i Les mer. Slik vil det vere for nye artiklar.
Beste helsing
Arnold Hoddevik
91179866, arnold@stayon.no

User avatar
Monica Vestre
Posts: 474
Joined: 20 Aug 2010, 23:42
Location: Tennfjord
Contact:

Re: Nettside

Post by Monica Vestre »

Syns det blir bare bedre og bedre jeg :D

User avatar
Arnold Hoddevik
Posts: 532
Joined: 24 Jun 2010, 15:20
Location: Skodje
Contact:

Re: Nettside

Post by Arnold Hoddevik »

Når vi no får lagt inn ein artikkel om utflukta til Bjørnøya, så kan vi kanskje få demonstrert korleis det tek seg ut. Last opp bilde på f.eks. 800x600 med 72 pixlar og ca 80 % komprimering. Legg så inn i bilde1, 2 og 3, kvar med bildetekst.

Lag ei slåande overskrift, som oppsummerer turen eller noko spesielt frå turen som er verdt å framheve, lag ein ingress på 25-30 ord, som gir lesaren lyst til å lese meir om turen, og skrive så om turen i feltet mer.

Så kan vi sjå korleis det vil ta seg ut, og diskutere endringar ut frå det.

Adresse til medlemmane sine nettsider kan leggast inn i tabellen medlemssider.

Så gler eg meg til fleire sysnpunkt.
Beste helsing
Arnold Hoddevik
91179866, arnold@stayon.no

User avatar
MayIrenFlem
Posts: 241
Joined: 11 Nov 2010, 19:51

Re: Nettside

Post by MayIrenFlem »

Det blir jo bare bedre og bedre dette Arnold! Du gjør en suveren jobb :)

User avatar
Hilde Soerdal
Posts: 187
Joined: 09 Dec 2010, 22:14

Re: Nettside

Post by Hilde Soerdal »

[quote="Arnold Hoddevik"]

Først vil eg oppklare ei lita misforståing. Artiklane som allereide er innlagt, føl eit gammalt mønster med m.a. fast breidde på bilda. quote]

Det kan godt hende eg misforstår, - men det eg meiner er at det hadde vore fint om alle "Bilde 1" til kvar artikkel, altså dei som blir liggande synleg i artikkellista saman med ingresstekstane, - blir like breie. Det gir eit ryddig inntrykk.

Om bilda inne i kvar artikkel (etter at du har trykt på "les meir" ) blir like stor , syns ikkje eg er viktig.

Post Reply